Stikkordarkiv: ipa

#22 Hallo Mitt Namn Er Trude

Hallo Mitt Namn Er Trude blei brygga under Øl og Søl sin årlege juleøltest. Det blei brygga på ein Speidel 20L. Ølet er i utgangspunktet ei Kinn Vestkyst-klone, men under bryggekvelden blei litt av kvart glømt. Humletilsetningane blei nokså tilfeldige. Men i alle tilfelle. Slik er oppskrifta me tok utgangspunkt i.

Hallo Mitt Namn Er Trude

Batch Size (L):           23.0
Total Grain (kg):         7.100
Total Hops (g):           246.00
Original Gravity (OG):    1.078  (°P): 18.9
Final Gravity (FG):       1.020  (°P): 5.1
Alcohol by Volume (ABV):  7.66 %
Colour (SRM):             16.3   (EBC): 32.1
Bitterness (IBU):         61.3   (Average)
Brewhouse Efficiency (%): 70
Boil Time (Minutes):      90

Malt
5.000 kg Maris Otter Malt (70.42%)
1.500 kg Dry Malt Extract - Light (21.13%)
0.300 kg Crystal 120 (4.23%)
0.300 kg Crystal malt  (4.23%)

Humle
18.0 g Centennial Pellet (9.7% Alpha) @ 30 Minutes (Boil) 
18.0 g Chinook Pellet (11.4% Alpha) @ 30 Minutes (Boil) 
18.0 g Simcoe Pellet (12.2% Alpha) @ 30 Minutes (Boil)
18.0 g Centennial Pellet (9.7% Alpha) @ 15 Minutes (Boil) 
18.0 g Chinook Pellet (11.4% Alpha) @ 15 Minutes (Boil) 
18.0 g Simcoe Pellet (12.2% Alpha) @ 15 Minutes (Boil) 
18.0 g Centennial Pellet (9.7% Alpha) @ 0 Minutes (Boil) 
18.0 g Chinook Pellet (11.4% Alpha) @ 0 Minutes (Boil) 
18.0 g Simcoe Pellet (12.2% Alpha) @ 0 Minutes (Boil) 
21.0 g Amarillo Pellet (8.6% Alpha) @ 0 Days (Dry Hop) 
21.0 g Centennial Pellet (9.7% Alpha) @ 0 Days (Dry Hop) 
21.0 g Chinook Pellet (11.4% Alpha) @ 0 Days (Dry Hop)
21.0 g Simcoe Pellet (12.2% Alpha) @ 0 Days (Dry Hop) 

Ymse
Single step Infusion at 64°C for 60 Minutes.
Fermented at 18°C with Safale US-05
Photo 16.01.15, 17.04.22

Hallo Mitt Namn Er Trude på flaske.

FrodeTrude

Frode prøvde å skrive namnet sitt. Trude!

Photo 06.12.14, 17.09.22

Juleøltestskjema.

Photo 06.12.14, 17.09.34

Bryggerilokalet

 

 

 

Endelig ny bryggedag

Etter å ha vore litt inhabil pga. ein skulderoperasjon, var det nå godt å kome i gang med brygginga igjen. Etter braksuksessen med Feriemodus, blei det rett og slett brygga ein slags Feriemodus light.

Einaste forskjellen var at eg brukte litt meir vatn, samt bytta ut crystal 120 med 150 og 75. I tillegg slengte eg oppi 305 gram med havregryn i håp om at den skulle bli enda fyldigare. Under ser du eit par bilete frå bryggedagen.

Havregryn

Havregryn

Gjæringskaret på plass i kjøleskap. Gjærer på ca 17 grader.

Gjæringskaret på plass i kjøleskap. Gjærer på ca 17 grader.

Oppvarming av vatn til striketemperatur på 71 grader

Oppvarming av vatn til striketemperatur på 71 grader

Mesking på 66 grader

Mesking på 66 grader

Fant fram gjæringsbøtta

Fant fram gjæringsbøtta

Mesking på 66 grader

Mesking på 66 grader

Renser pumpa etter bruk

Renser pumpa etter bruk

Cascade, Columbus og Centennial

Cascade, Columbus og Centennial

Prøvde å vifte ut dampen

Prøvde å vifte ut dampen

Kjøling av vørter

Kjøling av vørter

 

Flasking

I går hadde Citra-IPAen stått to veker til gjæring,  og det var på tide å flaske. Tilsatte 6 gram sukker per liter i flaskekaret. Nå skal flaskene stå til karbonering i to veker.

image

Vasking og desinfisering av flasker må til. 

image

Final gravity. Ca 1012-1013.

image

Ein Hoppy Joe må også til.

image

Stuer flaskene inn på boden. Ca 20 grader her inne.

Citra Single Hop IPA

Da var det klart for litt brygging igjen. Det endte opp med å bli enda ein IPA. Etter stor suksess med den amerikanske IPAen Spretthop, har eg nå valgt å brygge ein IPA kun basert på humletypen Citra.

Her er eit par bilder frå bryggedagen.

image

Etter å ha lest ymse skrekkhistoriar om ødelagte sirkulasjonspumper, måtte eg testkjøre mi kvelden før. Det var lurt. For pumpa ville rett og slett ikkje starta. Fekk skrudd opp og reinska litt. Det gjorde susen.

Sirkulasjonspumpa går som den skal, og bryggerimesteren er særs glad. Har heldigvis fått bekrefta at alle som har kjøpt denne pumpa skal få ny.

image

Nydeleg vørter blir sirkulert gjennom silikonslangen. Her meskes det på rundt 64 grader. 

Etter meskeperioden er det tid for å skylle over med x antall liter. Vatnet er ca 78 grader. Skyller med 11,5 liter. Meska inn med 24 liter.

image

Etter skylling er det koking i 90 minutt. Koker humla i henholdsvis 60, 15 og 2 minutt. Skal også tørrhumle etter fem dagar.

image

Fine dråpar drypp ned i gjæringsbøtta

image

Etter å ha rista som ein gal, er gjæringsbøtta trygt plassert i øleskapet. Nå skal den gjæra på rundt 17 grader i 14 dagar. 

image

Etter endt bryggedag er det viktig å kvile maks med ei god øl.