Stikkordarkiv: flink pike

Flasking av pikeølet

Etter 17 dagar i gjæringskapet var det på tide å flaske «Flink pike». FG blei litt høgare enn tidlegare, men likevel akseptabelt. Brukte halvannen pakke med Safale US-05 og havna til slutt på 1015. Dagen før flaskinga hadde me 35 halvliterar oppi ei svær murarbøtte med PBW og vatn. Her løsna alle etikettane, og flaskene blei gullande reine. På flaskedagen skylla me alle flaskene og desinfiserte dei med Starsan.

Etikett på halvliterflaske.

Etikett på halvliterflaske.

Klart til flasking

Klart til flasking

Tapper over til flaskekaret

Tapper over til flaskekaret

Endelig etikett

Endelig etikett

Etiketten blir printa ut i to forskjellige størrelsar då halvparten av flaskene er 0,25 liter.