Stikkordarkiv: citrix

Citra Single Hop IPA

Da var det klart for litt brygging igjen. Det endte opp med å bli enda ein IPA. Etter stor suksess med den amerikanske IPAen Spretthop, har eg nå valgt å brygge ein IPA kun basert på humletypen Citra.

Her er eit par bilder frå bryggedagen.

image

Etter å ha lest ymse skrekkhistoriar om ødelagte sirkulasjonspumper, måtte eg testkjøre mi kvelden før. Det var lurt. For pumpa ville rett og slett ikkje starta. Fekk skrudd opp og reinska litt. Det gjorde susen.

Sirkulasjonspumpa går som den skal, og bryggerimesteren er særs glad. Har heldigvis fått bekrefta at alle som har kjøpt denne pumpa skal få ny.

image

Nydeleg vørter blir sirkulert gjennom silikonslangen. Her meskes det på rundt 64 grader. 

Etter meskeperioden er det tid for å skylle over med x antall liter. Vatnet er ca 78 grader. Skyller med 11,5 liter. Meska inn med 24 liter.

image

Etter skylling er det koking i 90 minutt. Koker humla i henholdsvis 60, 15 og 2 minutt. Skal også tørrhumle etter fem dagar.

image

Fine dråpar drypp ned i gjæringsbøtta

image

Etter å ha rista som ein gal, er gjæringsbøtta trygt plassert i øleskapet. Nå skal den gjæra på rundt 17 grader i 14 dagar. 

image

Etter endt bryggedag er det viktig å kvile maks med ei god øl.