Etter å ha vore litt inhabil pga. ein skulderoperasjon, var det nå godt å kome i gang med brygginga igjen. Etter braksuksessen med Feriemodus, blei det rett og slett brygga ein slags Feriemodus light.
Einaste forskjellen var at eg brukte litt meir vatn, samt bytta ut crystal 120 med 150 og 75. I tillegg slengte eg oppi 305 gram med havregryn i håp om at den skulle bli enda fyldigare. Under ser du eit par bilete frå bryggedagen.